Blog

  • Rektorskifte ved SAUS

    \"\"Tor Morten Røhr går av med pensjon etter mange år som inspektør og rektor ved SAUS.  Jan Henrik Bakke, som forøvrig tar over som rektor, skrev dette i anledning Tor Mortens avgang:

    Tor Morten Røhr har bestemt seg for å avslutte ein lang arbeidsdag i skulen når dette skuleåret no er slutt.

    Tor Morten har arbeidd ved fleire skular, men det er SAUS som har vore arbeidsplassen hans i mange år no. I fleire år var han rådgjevar og inspektør ved skulen, før han tok over rektorstillinga. Det har ikkje mangla på utfordringar i hans leiartid: SAUS var ”på legd” i eitt år medan skulen vart totalrenovert. Både ut- og innflytting baud også på store utfordringar, der rektor måtte ta langt meir ansvar enn det som var planlagt. Undervisningsmodellen ved SAUS er også lagt heilt om i hans ”regjeringstid”, og lærarane har støtt kunna rekne med velvilje og støtte frå sjefen når dei ville prøve nye pedagogiske løysingar. (more…)