Blog

  • Katolsk messe i Hedalen i dag kl. 17

    \"HedalenI samband med 850-årsjubileet til Hedalen stavkyrkje, blir det sundag 28. juli kl. 17.00 feira katolsk messe i kyrkja. Messa har kome i stand som ein del av jubileet, og jubileumskomiteen har invitert den katolske menigheita i Valdres, St. Thomas kapelldistrikt, til å koma og å ta del i jubileet. På denne måten blir det også minna om den katolske fortida til kyrka.

    Og det finst ingen andre, lutherske kyrkjer her i landet, der den katolske fortida er så nærværande som nettopp i Hedalen stavkyrkje. Ingen andre lutherske kyrkjer har nemleg så mykje av det katolske utstyret bevara, som Hedalen: Her er ein særs vakker Madonna/Mariafigur, altarskåp og krusifiks, røykjelseskar og ikkje minst det vakre relikvieskrinet – med landets einaste bevara prosesjonsbåre.   (more…)