Sist oppdatert: 01.10.2026 15:12
Tekst: Tor Morten Røhr Foto: Hedalen.no
Prisane blei delte ut under ein vellykka kulturkveld på Hedalen barne- og ungdomsskole fredag 25. november. Begnaljom spel- og dansarlag sto som arrangør saman med kommunen. Varaordførar var programleiar, ordføraren delte ut prisane.
Edvard er ein ung og svært lovande skihoppar frå Hedalen, som no er ein del av hoppmiljøet i Vikersund. Han fekk ein fortent idrettspris.
Trygve flytte til Hedalen for vel 30 år sidan og har sidan drive som gardbrukar. Han er ein av nestorane innan folkemusikken i Valdres og er særs dyktig på hardingfela. Han har gjort ein framifrå innsats for folkemusikken og rekrutteringa blant dei unge i alle valdreskommunane. For rekrutteringa i Sør-Aurdal og for arbeidet innan Begnaljom spel- og dansarlag har han gjort ein kjempeinnsats gjennom alle dei åra han har budd i kommunen.
Trygve takka for prisen på sin lune og humoristiske måte og ved å spele ein lått saman med ein av dei yngste elevane sine. Han er ein kar alle som kjenner han, veit å setje pris på. Det var derfor ei rekke helsingar og blomsteroverrekkingar frå folkemusikkmiljøet i heile regionen og frå privatpersonar.
Begnaljom hadde sørga for eit rikhaldig folkemusikkprogram der krefter både frå Begnaljom og dei andre spel- og dansarlaga i Valdres underheldt. Her var mest hardingfele, men også bukkehorn, neverlur, durspel, langeleikspel, song og springardans i tillegg til artige munnlege innslag. Særleg sette nok Trygve pris på å høre det framifrå samspelet frå gruppa av tidlegare elevar, og blei ganske så overraska då ”gamle Begnaljom” til slutt entra scena for å avslutte! Og Trygve slutta seg gjerne til dei – slik dei bad han om….
Ein spesiell og minnerik kulturkveld var til ende og er no gått over i historia….
Comments Off on BitStarz promo account verification guide for Canadian players
Comments Off on Sites like Gamdom: What Canadian Players Need to Know
Bagn - Ølnessæter:
Comments Off on BitStarz promo account verification guide for Canadian players
Comments Off on Sites like Gamdom: What Canadian Players Need to Know
Comments Off on BitStarz Alternative USA Review Overview for Canadian Players
Comments Off on Ontario Casino registration steps: Quick guide to sign up and verify
Comments Off on Casinos like Rollbit bonus guide: Canadian welcome offers, wagering requirements & key perks
Comments Off on Iris Casino seriös Bonus‑Guide – Alle Details zu Willkommensbonus und Bedingungen
Comments Off on Iris Casino Freispiele: App & Mobile Guide für unterwegs
Comments Off on Windetta Casino Deutschland – Schritt‑für‑Schritt zur schnellen Registrierung
Comments Off on Windetta App – Mobile Guide: Casino, Sportwetten & Live‑Dealer im Überblick