Blog

  • Trygve Bolstad fekk kulturprisen for 2011

    \"\"

    Tekst: Tor Morten Røhr  Foto: Hedalen.no

    Prisane blei delte ut under ein vellykka kulturkveld på Hedalen barne- og ungdomsskole fredag 25. november. Begnaljom spel- og dansarlag sto som arrangør saman med kommunen. Varaordførar var programleiar, ordføraren delte ut prisane.

    Edvard er ein ung og svært lovande skihoppar frå Hedalen, som no er ein del av hoppmiljøet i Vikersund. Han fekk ein fortent idrettspris.

    Trygve flytte til Hedalen for vel 30 år sidan og har sidan drive som gardbrukar. Han er ein av nestorane innan folkemusikken i Valdres og er særs dyktig på hardingfela. Han har gjort ein framifrå innsats for folkemusikken og rekrutteringa blant dei unge i alle valdreskommunane. For rekrutteringa i Sør-Aurdal og for arbeidet innan Begnaljom spel- og dansarlag har han gjort ein kjempeinnsats gjennom alle dei åra han har budd i kommunen.   (more…)