Blog

  • Hugsar du 60-talet?

    \"\"I så fall – hjelp oss med å leite fram fysiske minner frå dette ti-året!

    60- talet var Cuba-krise, Beatles, Twiggy, lårkort, respatex-bord med skai-trekte stålrørs-stolar, fjernsyn med sjalusidører, pastellfarga biler og mykje meir. \"\"Tiåret blir tema på årets Sommarstemnet på Bagn Bygdesamling den 9. juni. Vi vil mimre om lokale, nasjonale og internasjonale hendingar, musikk, mote, interiør, motorkjøretøy m.m.

    Nokon er flinke til å ta vare på gamle klede og ting. For at dette historiske tilbakeblikket skal bli så korrekt og dekkjande som mogeleg, og også morosamt, er vi avhengig av at det finst folk ”der ute” som kan låne ut noko av det dei måtte ha tilgjengeleg av slike minner til Bagn Bygdesamling.

    Har du – og vil du? Ta kontakt med:           Liv Haldis Hovdet  tlf  95 10 67 42,

    Einar Mosleth  tlf  91 75 65 67          eller         Bjørg Dokken  tlf  47 63 07 17     (more…)