Valdreskappleiken 6.april på SAUS

\"\"

Begnaljom spel- og dansarlag er arrangør av årets Valdreskappleik. Valdreskappleiken er lokalkappleik og runddansstemne for Valdres. Kappleiken går på omgang i lokallaga i Valdres, og blir arrangert om våren. Kappleiken går føre seg på dagtid, med finalekonsert og fest på kvelden.

Hilme året rundt: konsert med Håkon Asheim og Henning Andersen kl 18.00, Glasshuset, Sør-Aurdal ungdomsskole, Bagn. Dei tek publikum med på ei musikalsk reise gjennom tidlaust lydarlæte og Aurdalsspel. Håkon Asheim har fordjupa seg i spelet etter Aurdalsspelemannen Ulrik i Jensestogun. Henning Andersen speler låttar frå heile Valdres, men har og mange spennande låttar frå Aurdal og Sør-Aurdal på repertoaret. Båe spelemennene har eit variert spel, og dei representerer kvar sin unike måte spele Valdresspel på.

Førehandspåmelding til kappleiken så fort som mulig på e-post til solfrid.olmhus@gmail.com

Sjå programmet og mykje meir informasjon her:

Comments

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

More posts