Historisk messe i Reinli Stavkyrkje

\"messe-Dåpsrituale og introduksjon av kvinna etter fødsel

Vi ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt ynskjer å ta deg med på ei reise tilbake i tida, og inviterer deg difor til messe ved Reinli stavkyrkje torsdag 15. oktober kl 1600.

Til messa har vi med oss tre flinke aktørar:  Prest Carl Philip Weisser, forteljar og organist Henning Andersen og omvisar Marianne Haldis Jensen. \"messe

I august var vi ved instituttet vertskap for Nordisk draktseminar. Dette er eit seminar som blir avhalde tredjekvart år, og går på rundgang mellom dei fem nordiske landa. Temaet for dette seminaret var «Folkedrakt og bunad i fortid og samtid – seremoni, form og bruk». I den forbindelse arrrangerte vi ei messe ved Reinli stavkyrkje som tok utgangspunkt i dåpsritualet og introduksjonen av kvinna etter fødsel. Vi fekk mykje positiv omtale etter messa, og ynskjer difor å sette opp messa på nytt no den 15.oktober

Transport: Vi set opp buss frå Valdres folkemuseum med avreise  kl 1515.

\"messeAntrekk:  Vi vil at forsamlinga skal vera «deltakande», og ynskjer  difor at alle tek på seg bunad eller andre historiske klede.    Hugs at kleda må vera gode og varme ettersom vi er midt i oktober, og det ikkje er moglegheit for oppvarming av  kyrkja.

Omvisning: Etter messa blir det omvisning i kyrkja ved  Marianne Haldis Jensen. Mat/ foredrag: Vi returnerar med buss til Valdres folkemuseum og  Munkekroen, der det blir felles middag kl 1800. Ved bordsetet  vil instituttet halde eit foredrag med reiving av spebarn som tema.

Pris: 250,-        Gjev tydeleg beskjed ved påmelding om du ynskjer å delta på alt, eller berre delar av kvelden.

Påmelding: Ettersom kyrkja kun har 70 sitteplassar, ber vi om at du gjev ei tilbakemelding til oss om du ynskjer å delta,  «fyrste til mølla»!

Påmeldingsfrist: Fredag 9. oktober

Velkomen til messe!

Med venleg helsing Norsk institutt for bunad og folkedrakt v/ Kristin Gulbrandsen

 

E-post: post@bunadogfolkedrakt

Tlf.: 61 36 62 50

 

Comments

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

More posts